51ºÚÁÏ

Regelverk

Som student ved UiO har du rettar og plikter, og det er viktig at du gjer deg kjent med desse.

Kvar finn eg reglane?

finn du dei fleste reglane som gjeld for opptak, studium og eksamenar ved UiO. Her finn du både lover, forskrifter og andre dokument som gjeld for heile institusjonen. I tillegg kan det vere fastsett særskilte reglar for enkelte fakultet og studieprogram.

Programomtalene og emneomtalene skildrar oppbygging og gjennomføring av studieprogram og emne. Her finn du for eksempel reglar om obligatorisk undervisning, forkunnskapskrav og krav til grad for studieprogrammet.

 viser deg som student kva UiO forpliktar Ã¥ gjere for Ã¥ tilby ein god studiekvardag, og kva UiO forventar frÃ¥ deg som student.

IT-reglementet inneheld reglar som sikrar lovleg og sikker bruk av IT-tenestene ved universitetet. Du må gjere deg kjent med IT-reglementet før du tek i bruk IT-tenestene ved UiO.

Bruk og deling av undervisningsmateriale

Gjennom Kopinor-avtalen har studentar og tilsette ein avgrensa rett til å ta papirkopiar, utskrifter og digitale kopiar frå gitt ut materiale, utan å måtta innhenta løyve frå rettshavarane. Les meir om kva dette tydar for deg som student på UiOs nettside.

Hugs å sjekke e-post!

Alle studentar fÃ¥r tildelt ein e-postkonto ved UiO. Universitetet bruker denne e-postadressa for Ã¥ sende ut informasjon. Det er derfor viktig at du jamleg sjekkar e-postadressa du har vorte tildelt av UiO.

Publisert 21. mars 2016 12:31 - Sist endra 28. aug. 2024 08:41